Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Bekymret: Jogeir Agjeld i Norsk Landbruksrådgiving fører statistikk over trafikkulykker der traktor er involvert, og han er bekymret over utviklingen.
Bekymret: Jogeir Agjeld i Norsk Landbruksrådgiving fører statistikk over trafikkulykker der traktor er involvert, og han er bekymret over utviklingen.

Urovekkande mange traktorulukker

12 dødsulukker med traktor. 15 omkomne. 2022 er det verste året sidan 2008. Andelen dødsulukker med traktor i trafikken har aldri tidlegare vore større.

Det har vore seks ulukker med totalt ni omkomne der ein annan part i trafikken er involvert. I tillegg kjem to åleine-ulukker i trafikken og fire ulukker utanfor veg. Det vi nemner her er berre dødsulukkene. Dette forteller Jogeir Agjeld i Norsk Landbruksrådgiving, som fører statistikk over alle dødsulukker der traktor er involvert, eit arbeid han starta med i 2008. (Den gongen som journalist i bladet Bedre Gardsdrift.) Gjennom desse åra har det vore totalt 87 ulukker med 91 omkomne.

– 2008 var eit dystert år, med totalt 16 ulukker. Etter det har utviklinga gått rette vegen. Først fleire år med kring seks dødsulukker årleg. Frå 2019 til 2021 hadde vi tre til fire dødsulukker med traktor kvart år. Det er sjølvsagt tre til fire for mange, men heldigvis ganske nær det einaste akseptable målet, nemleg null. Så kom 2022 som vart skikkeleg ille, konstaterer Jogeir.

Dramatisk auke med annan part i trafikken

Til og med 2021 var det stort sett traktorføraren sjølv som omkom i traktorulukkene. 59 prosent skjedde utanfor veg, mens 24 prosent var åleineulukker langs veg. I alle desse ulukkene er det enten føraren eller nokon annan som er på traktoren som mistar livet, og aldri meir enn ein person pr. ulukke. I gjennomsnitt var det mindre enn ei dødsulukke pr. år der annan trafikkant var involvert.

Dette har endra seg totalt: I 2022 involverte halvparten av ulukkene ein annan part i trafikken. Dermed er også omlag halvparten av dei omkomne nokon som ikkje var i traktoren då ulukka skjedde.

Rått parti: Uavhengig av hvem som har skylda, er en traktor mot en personbil eller en myk trafikant rått parti. Det stiller store krav både til fører og medtrafikanter. Illustrasjonsfoto
Rått parti: Uavhengig av hvem som har skylda, er en traktor mot en personbil eller en myk trafikant rått parti. Det stiller store krav både til fører og medtrafikanter. Illustrasjonsfoto

Statistikken seier ikkje noko om skuld og ansvar i ulukkene.

– Når annan part er involvert, blir det normalt ei sak som går til retten. Rettsprosessar tar litt tid. Kvifor vi har denne store auken er vanskeleg å seie, men vi har også hatt ei stygg utvikling med fleire ulukker i trafikken generelt, kommenterer Jogeir.

For åleineulukkene er situasjonen innanfor det som har vore vanleg.

– Vi har fire ulukker utanfor veg. Det er for mange, men vi har sett liknande tal tidlegare år. Dessutan har vi to åleineulukker i trafikken. Også det er eit nivå vi har vore på for ikkje mange år sidan. Så det spesielle er alle ulukkene som involverer andre trafikkantar, seier Jogeir.

Annonse

Mesteparten er ikkje landbruk

Berre ei av ulukkene er ei rein arbeidsulukke under landbruksarbeid på jordet. Ei anna ei skjedde med ein landbruksreiskap, men var ikkje knytt til den ordinære drifta på garden. Nokre av ulukkene har skjedd mens landbruksprodukt eller landbruksmaskiner blir køyrde langs veg, men dei kan like gjerne definerast som trafikkulukker.

Fåtall: en liten del av ulykkene skjer under arbeid på jordet, det er i trafikken faren er størst. Illustrasjonsbilde.
Fåtall: en liten del av ulykkene skjer under arbeid på jordet, det er i trafikken faren er størst. Illustrasjonsbilde.

Det er her vi finn den mest dystre utviklinga. Jogeir Agjeld i landbruksrådgivinga har ingen gode forklaringar på kva som skjer her:

Kva kan vi gjere?

Ein viktig motivasjon for å føre denne dystre statistikken, er å sjå kva som kan gjerast for å få ned ulukkestala. Ulukkene i 2022 har få fellesnemnarar.

– Sjølvsagt er det alltid rett å bruke setebelte. Det ville berga liv også i 2022. Det som kan hende er største lærdomen etter eit så dystert år, er å hugse kor viktig det er å vere varsam, vise hensyn og følgje godt med. Dette er påbode gjennom trafikkens grunnregel, som gjeld alle som ferdast langs veg. Det vi sjølve kan gjere, vi som køyrer traktor, er å vere litt ekstra på vakt: Korleis sikrar eg meg så det ikkje oppstår unødig fare? Har eg ein plan B viss noko går litt gale? Og dessutan: Alle vi som køyrer traktor bør prate med andre folk og trafikkantar om kor farlege traktorane er, så dei forstår kor viktig det er at dei er ekstra varsame og bevisste når dei nærmar seg ein traktor. Der er det nok mykje å hente, meiner Jogeir.

Neste artikkel

Arbeidsulykker kostet mange liv i Danmark