Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eiksenteret girar opp i Sogn

Først med innendørs utstillingshall for traktor.

– Me har fått ein del nye kundar etter at me opna ny avdeling på Hafslo rett før jul, fortel Ola Hauge.

Den erfarne traktorseljaren har vore trufast mot Massey Ferguson i 37 år og leiar på Eiksenteret i Sogndal i over 30 av dei.

På grunn av høge tomteprisar i Sogndal valde han å leite etter tomt i nabokommunen Luster. I Hafslo, halvanna mil unna, fann han ei lett tilgjengeleg tomt på 2,5 dekar sentralt plassert.

På tomta har Hauge reist eit bygg på 480 kvadratmeter. Stort nok til å ha traktorar ståande tørt under tak i den einaste innandørs utstillingshallen for traktor og landbruksmaskinar i heile Sogn og Fjordane. Samstundes ligg tomta slik til at han har fått god utstillingsplass langs Riksveg 55.

Annonse

– Utstillingshallen er på mellom 250 og 300 kvadratmeter, mens verkstaden er på rundt 100. Her har me fått både golvvarme og traverskran, så nå kan me også ta mot store Fendt-ar, seier han, og legg til at dei på grunn av auka arbeidsmengde søkjer etter ny landbruksmekanikar. Arbeidsstokken blir då utvida frå 3,5 til 4,5 stillingar.

Ellers er det helst Massey Ferguson i 3600-, 4700- og 5600-serien det går i hos forhandlaren i Sogn og Fjordane.

– Men me har nyleg seld ein MF 6718 Dyna-VT med 200 hestekrefter. Det er den største Massey-en me har seld nokon gong. Den skal gå på flyplassen i Sogndal med ein frontmontert Dalen 2013, fortel Ola Hauge.

Neste artikkel

Eiksenteret Lier flytter