Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

På jakt etter McCormick-forhandlarar

Aase Landbruk ser framover.

Forhandlarar: Martin Aase og Kjell Martin Aase ser lyst på framtida for Aase Landbruk, og håpar å rekruttere fleire McCormick-forhandlarar rundt om i landet. Foto: Dag Idar Jøsang
Forhandlarar: Martin Aase og Kjell Martin Aase ser lyst på framtida for Aase Landbruk, og håpar å rekruttere fleire McCormick-forhandlarar rundt om i landet. Foto: Dag Idar Jøsang

Dei som frykta at Aase Landbruk skulle senke trepunkten, slå av tenninga og dra opp handbrekket for siste gong, kan puste letta ut. Sjølv om det kom som ei overrasking at Lena Maskin blei seld til Danish Agro Machinery er importøren med hovudsete i Sandnes klar til å ta opp kampen.

Martin Aase lovar at både gamle og nye kundar vil bli tatt godt vare på. Gamle Lena-forhandlarar vil halde fram å yte service og delar, samstundes som Aase Landbruk har ambisjonar om å knyte til seg forhandlarar fleire stader i landet.

Les også: Nye trinnløse «banditter» fra McCormick

– Kundane skal ikkje vere redde for at Aase Landbruk skal forsvinne eller bli kjøpt opp. Me har ein solid økonomi og er ikkje til sals, seier Martin Aase.

Gode agentur

64-åringen har Aase Landbruk som både jobb og hobby og har ambisjonar om å vere med i ennå mange år. Med seg i drifta har han også sonen, Kjell Martin, som fortel at Aase Landbruk er på jakt etter forhandlarar som har lyst til å selje McCormick, Elho, Maschio, Garcia og andre landbruksmaskinar som Aase Landbruk nå er åleine om.

Les også: Danish Agro kjøper Lena Maskin

Fakta om Aase Landbruk

- Aase Landbruk blei grunnlagt i 1974.

- Dei har i dag avdelingar i Sandnes, Vennesla, Tysvær og Gaular.

- Det første traktormerket Aase Landbruk hadde var David Brown. Seinare har dei seld både Lamborghini, Hürlimann og Case IH. Ringen blei på mange måtar slutta då McCormick gjenoppstod på starten av 2000-talet.

- Aase Landbruk samarbeidde i mange år om McCormick-importen med Lena Maskin. Dei var også forhandlar av fleire av merkevarene til Lena Maskin, i tillegg til eigne merkevarer. Nå blir dei eineimportør av McCormick, og har mellom anna overtatt importen av Elho sitt produktsortiment.

- Dei fire avdelingane har til saman 31 tilsette og omsette i 2015 for 79,4 millionar kroner. Det var ei auke på heile 11,6 millionar kroner frå året før, og 14,3 millionar meir enn i 2013.

- Driftsresultatet var også positivt. Aase Landbruk fekk eit resultat på 3,5 millionar kroner i 2015, mens resultatet før skatt var på 1,3 millionar kroner. Eigenkapitaldelen har også auka dei siste åra og var i fjor på 34,3 prosent.

– Me skal vere offensive og ser store moglegheiter i åra som kjem. I dag er me på jakt etter forhandlarar i andre delar av landet og har kontakt med fleire, men ingenting er avklart ennå. Me har mange gode agentur, og ingen av dei ber bedrifta åleine, seier Kjell Martin Aase.

Ventar på avklaring

Annonse

Likevel er det ingen tvil om at det er svært viktig for Aase Landbruk å ha eit traktormerke. Nøyaktig kva McCormick tenkjer om den norske marknaden kan ikkje Martin Aase gjere greie for ennå, men allereie på Eima-utstillinga i Bologna neste veke skal han i samtalar med fabrikken. At dei nå står åleine om importen fører til at meir av papirarbeidet med å få godtkjent modellar må gjerast i Sandnes, men arbeidet og rutinane er dei godt kjende med.

Video: Derfor kjøper vi Lena Maskin

Modellane det er mest etterspurnad etter er i klassen 100 hestekrefter pluss. Traktorane til McCormick har gått gjennom store oppgraderingar dei siste åra, og med ein ny trinnlaus transmisjon frå ZF har ein viktig bit falt på plass. Problema med lange leveringstid som rei McCormick som ei mare for nokre år sidan er borte.

Video: – Den største nyheten i Lena Maskins historie

– I tillegg til traktorar rundt 100 hestekrefter har me også hatt stor interesse for frukttraktorar. Me har samarbeid med fleire traktorforhandlarar med andre merker som ønskjer å tilby McCormick sine frukttraktorar til sine kundar, fortel Martin Aase.

Neste artikkel

To dekk i ei pakke fra Michelin