Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Årdal Landbruk kjøper Møgedal Mekaniske Verkstad

To AK-forhandlere styrker seg på Vestlandet når Årdal Landbruk overtar aksjene i Møgedal Mekaniske Verkstad.

Sterkare saman: Werner Bakka, dagleg leiar i Møgedal, Leif Bakka, Geir Bakka og dagleg leiar i Årdal Landbruk, Stian Vadla. Foto: Judith Sørhus Litlehamar
Sterkare saman: Werner Bakka, dagleg leiar i Møgedal, Leif Bakka, Geir Bakka og dagleg leiar i Årdal Landbruk, Stian Vadla. Foto: Judith Sørhus Litlehamar

1.november overtar Årdal Landbruk aksjane i både Møgedal Mekaniske Verkstad og eigedomsselskapet Møgedal Eiendom frå brørne Leif, Geir og Werner Bakka.

I en pressemelding opplyser selskapene at dei begge er landbruksbutikkar med verkstad og er store i regionen, no slår dei seg saman for å styrke tilbodet ut til kundane, og stå sterkare i ein stadig tøffare marknad. Dei ser allereie synergiar av å dele på både varelager, kompetanse og arbeidsoppgåver.

- Dette gjer me for å sikre unge og dyktige krefter i bedrifta framover, me har ikkje tenkt å gi oss her på Møgedal, men me meiner tida er komen for å legge ein plan for den vidare drifta etter oss. Det var ingen heime hjå oss som hadde lyst til å overta, og dermed var det naturleg å sjå etter andre løysingar, seier dagleg leiar i Møgedal Mek. Verkstad, Leif Bakka.

- Me kjenner Årdal Landbruk godt og det var den første bedrifta me tok kontakt med, prosessen har gått over lenger tid og vore veldig god. Me er veldig godt nøgde med at det er Årdal Landbruk som kjem inn på eigarsida no, seier Bakka.

Nye krefter ved rattet. Frå venstre: dagleg leiar i Møgedal Mek. Verkstad, Leif Bakka, styreleiar i Møgedal, Jarle Tveit, Geir Bakka, styremedlem i Møgedal, Ola Jelsa, styreleiar i Årdal Landbruk, Arne Håkon Riskedal, dagleg leiar i Årdal Landbruk, Stian Vadla  og Werner Bakka. Foto: Judith Sørhus Litlehamar
Nye krefter ved rattet. Frå venstre: dagleg leiar i Møgedal Mek. Verkstad, Leif Bakka, styreleiar i Møgedal, Jarle Tveit, Geir Bakka, styremedlem i Møgedal, Ola Jelsa, styreleiar i Årdal Landbruk, Arne Håkon Riskedal, dagleg leiar i Årdal Landbruk, Stian Vadla og Werner Bakka. Foto: Judith Sørhus Litlehamar

Ingen endring på Møgedal

I pressemeldinga poengteres det at kundane ikkje vil merke noko negativ konsekvens av dette, drifta blir lik som i dag, og brørne held framleis fram i sine sentrale roller i bedrifta.

– Me har begge stor marknadsdel i regionen, med dette grepet blir me ein stadig sterkare aktør i bransjen, seier Arne Håkon Riskedal, som er styreleiar i Årdal Landbruk. Både han og dagleg leiar i Årdal Landbruk, Stian Vadla, gler seg no over dei moglegheitene samanslåinga vil opne opp for.

– Me har stor respekt for jobben som er lagt ned her frå før, og me har lært å kjenne brørne Bakka som solide og dyktige folk, desse er heil ved. Framover blir det viktig å styrke dette arbeidet, og bygge eit sterkt og godt lag som kan vere attraktive for både kundar og leverandørar, meiner Riskedal.

Annonse
Brørne Werner Bakka, Leif Bakka og Geir Bakka er godt nøgde med at Årdal Landbruk tek over som eigarar i Møgedal Mek. Verkstad. Foto: Lina Bakka
Brørne Werner Bakka, Leif Bakka og Geir Bakka er godt nøgde med at Årdal Landbruk tek over som eigarar i Møgedal Mek. Verkstad. Foto: Lina Bakka

Solid aktør

Bedriftene sysselset til saman 13 personar og har totalt ein omsetnad på om lag 70 millionar kroner.

– Det er og ein fordel for oss at me opererer i same kjeda og har mykje av det same nettverket, meiner Leif Bakka. Også han trur framtida til Møgedal Mek. Verkstad og Årdal Landbruk no blir styrka av denne samanslåinga og meiner kundane vil få eit endå betre tilbod hjå begge bedriftene.

Geir Bakka overtok Møgedal Mekaniske Verkstad frå Knut og Asbjørn Møgedal i 2004, og i 2010 kom også brørne til Geir, Werner og Leif Bakka inn på eigarsida. Møgedal Mekaniske Verkstad starta opp i 1973 og fekk etter kvart ei avdeling i Årdal, som var grunnlaget for det som på 1990-talet vart Årdal Landbruk. Dermed er ringen på mange måtar slutta no.

Neste artikkel

New Holland lanserer sekssylindret T6.160