Eg skulle ha hatt rosa terningar i spegelen. Det skulle eg, sjølv om rosa ikkje passer saman med raudfargen på min flotte perle. Og gutane skulle ha fått prestasjonsangst når blårøyken la seg bak meg. Jentene hadde applaudert, medan gutane hadde sparka i asfalten, som om overflata var av grus, lagt innpå ein snus, og grubla over kva dei skulle gjere for å få til enda meir blårøyk enn meg.
Eg ville ha kost meg skikkeleg, lent meg godt tilbake i setet og rulla meg ein Petterøs.
Ups, ... nei, det skulle eg ikkje. Sjølv om det hadde vore mogleg å skru tida tilbake, ville eg ikkje ha gjort dei same feila på nytt. Nei, røyken skulle eg halde meg unna (og nokre andre småting). Hadde eg kunne oppleve ungdomstida ein gong til, ville livet ha vore mykje traktor og trivelege kveldar med vener. Eg ville kanskje ikkje lagd så mykje blårøyk, men mora meg med dei andre som gjorde det.
Saken er den at eg sitt med boka «Traktorland» i fanget. Ei utruleg bra bok med gode traktorhistorier og mange, mange flotte bilete. Her får vi møte ungdomen ved Kleppekrossen, traktorsamlaren og Team Engelsvoll i pullermiljøet. Alle har ein ting felles: Ein ihuga traktorinteresse. Traktorane er ulike, men interessa er den same.
Boka er det heitaste julegåvetipset til traktorinteresserte. Ho er skrive på nynorsk, men med store bokstavar, og heilt perfekt for deg som har klart å pløye deg så langt ned i denne leiarartikkelen som du no har gjort. Kjøp boka! Ikkje nøl!
Eg har storkosa meg og verkeleg levd meg inn i dei fine stundene i traktormiljøet på Jæren. No ventar eg berre på invitasjonen frå ungdomen ved Kleppekrossen. Og kanskje, om eg er ordentleg heldig, vil nokon lage litt blårøyk for meg òg.
- Beste helsing
- Marianne Røhme
- Ansvarleg redaktør











fint da e nokon so har forstått da tom! :)
Vil forby traktorkjøring til skolen